MANDAG 31. OKTOBER 2011



Hausten har verkeleg komt til Nærøya, og Sagatun har fått prøve seg vegglaus i fleire stormar allereie. Det står der like støtt som det alltid har gjort, og ein og annan våt katt og heimlaus fugl har teke tilflukt der med jamne mellomrom. Vi finn nokre spor etter dei her og der, og synes eigentleg det berre er triveleg at nokren andre enn oss finn det for godt å ta huset i bruk, medan vi framleis må vente litt til...

Christer endeleg heime igjen frå sjø! Stakaren får ikkje lange pausa før han set i gong.

Klar for å lage drenering rundt tilbygget. Eg har lært at det slett ikkje er så vanskeleg!
(og så hjelp det på med godt utstyr:))

Forskaling av grunnmur - og sola er kome på besøk.

Omrisset av nybygget. Nesten 50 kvm.

Eg og Olli beundrar verket hass far - og oss sjøl.

Endelig kjem sementbilen! No skal det verte grunnmur!

Eg fekk ansvaret for å løfte på armeringsjernet etterkvart som sementen kom sigande. Litt feber, litt influensa og streptokokkar i utvikling - inga hindring. (Eg fekk løyve til å avtre ganske kjapt;)) 

Pappa og Christer står på. Godt med god hjelp:)

Morgensola kjika over fjellet.

God hjelp frå Steffen som er dreven i gamet.

Grunnmuren er tørr! Då er det berre å sete i gong og mure!

Og no går det kjapt:) Eg måtte kapitulere og halde senga heile helga, og fekk ikkje sett på verket før i dag.
Det vert så bra, og eg gler meg til å sjå korleis det vert vidare.
Vi treng litt finever framover for å kunne fortsette å mure,
men allereie no kan eg få litt meir følelsen av korleis huset vårt kjem til å verte. Det er utruleg spennande!

To kjekke arbeidskara. Svigerfar og Olli fjernar siste spor av sement før dagen er over. Olli er så flink, han spring ærend, spikrar, vaskar og ryddar, og er alltid lett å be om hjelp. Han storkosar seg på tomta og i huset - det er så kjekt å sjå!

SØNDAG 16. OKTOBER 2011

Det har vorte haust på Nærøya, og Sagatun har ikkje hatt monge dagane med sol på kroppen dei siste vekene.
Men når sola dukka opp i forrige veke, måtte eg inn og forevige litt meir av det som har skjedd sidan dei siste bileta vart tekne. Dei av dokke som er ekstra årvakne, vil sjå at det manglar eit digert grantre som stod bak huset. Grana tok alt av kveldssola, og berre sjå: no er den tilbake!
Når eg var yngre reagerte eg alltid litt når eg høyrde om dei som busette seg kloss oppi foreldra sine. Det skulle eg aldri gjere! Men her er vi altså, eit steinkast (heilt bokstaveleg) frå mamma og pappa - og vi gler oss som berre det!

Velkomen inn! Her er mitt framtidige kjøken...
Det manglar litt golv, grunnmur og ein vegg berre.

Alt det gamle golvet er borte vekk, og erstatta med lass på lass av stein og grus.
Neste skritt på vegen er å legge flytande golv, og fyrst må vi støype ny grunnflate.
Målet er nokre centimeter meir takhøgde!

Trappa heng om dagen etter festa i veggen, og litt ekstrahjelp frå nokre fjøler.
Den vurderer vi å etterkvart flytte ut i tilbygget, men det spørs om vi kan gjere nytte av den,
sidan ho vert for lav i forhold til den nye takhøgda...
Fin er ho iallefall, sjølv om ho har fått gjennomgå i det siste.

Gjennomtrekk?
Stova manglar grunnmur, og heng meir eller mindre i lause lufta. Her skal båe vindu og verandadør vekk etterkvart,
og ei ny dør skal settast inn i hjørnet til høgre. Den skal føre ut i gangen i tilbygget.

Andre enden av stova, med utsikt ut mot vegen. Her skal vi ha spisestua,- og julestjerna i glaset når den tida kjem.
Hurra kor koseleg det skal verte! :)
Stovevinduet med utsikt ned mot sjøen.
Det må vike plassen etterkvart, og ei glasstove skal kome her i staden.

Eit bilete frå soverommet vårt i 2.etasje. Eg gler meg som ein unge til å vakne opp til sjøen utanfor glaset kvar dag,
og ikkje minst til å kunne gå ut på altanen som kjem til å kome på taket av den nye glasstova.


Slik ser det altså ut på baksida av Sagatun.
Her har vi fjerna buskar og tre, og mykje, mykje stein.
Det er rart med det - alt eg so gjerne ville behalde, måtte vike for nye planar, større hus og betre romløysingar.
Eg håpar berre vi klarar å få noko av sjarmen tilbake, for akkurat no har vi vel strengt tatt vandalisert heile uteområdet vårt... 


Når Christer kjem att satsar vi på fineveir og støyping.
Målet er å få opp tilbygget, støype golvet, setje inn ny pipe, rette opp taket, få opp nye veggar, setje inn nye dører, nye vindu, isolere, legge veggplater, legge golv, male og få opp tapet, setje inn kjøkeninnreiing, få på plass peis, koble straumen, koble vatn, møblere, vaske litt og flytte inn.

For eg er tross alt gift med ein supermann som har ti timar meir i døgnet enn alle oss andre, og som set opp ein ny vegg berre ved å tenke tanken. Dessutan får vi låne alle dyra og fuglane frå Askepott som kjem og gjev oss hjelp.
Vi har faktisk so god tida at vi satsar på å få opp garasje og ny sjøbud også. 

Det er jo lov å drøyme:)


I all iveren over å endeleg kunne åpne døra til det lisje huset den fyrste gongen etter at det var vårt, gløymde vi alt som heitte fotografering av korleis det faktisk var der inne. Det er ei viss fare for at vi om nokre år ikkje kjem til å hugse korleis kjøkenet vårt såg ut før vi byrja makeoveren, men vi var heldigvis sopass oppegåande at vi fekk opp kameraet og tatt nokre av stova før alt vart røska ut. 

Kjøkenet etter at veggar og kjøkeninnreiing var tatt ned. Her fann vi og tre lag med golv - noko vi eigentleg syntes var litt unødig, sidan det allereie er ganske lågt under taket.

Kjøkenvindauget vårt. Her skal vi ete frukost og lunsj og middag og kveldsmat i uoverskueleg framtid.

Etter å ha strippa lag på lag med golv, fann vi tilslutt det opprinnelege tregolvet, med trepluggar og det heile!

Og når tregolvet forsvann var det ganske interessant det som kom fram. Her låg det trestammer som sovidt hadde vorte høvla litt, før dei ha vorte lagt oppå ein passande kampestein her og der. Vidare feste av golvbjelkane var det heller ikkje så viktig med. Men har det fungert? Absolutt.

Kjøkenet med jordgolv.

Stova før Christer fekk gå i gong med kubeinet.
Og so var vi i gong!

Utsikt frå stoveglaset, ut i vår hage.

Stova etter eit par kveldsykter.

Og so kom denne vesle kompisen fram i lyset... Den var so stor at vi høyrde lyden når han datt ned og traff bakken. Nice.

Christer i kjellaren. Takhøgda er ... litt for lita.

Alt er reinska ut, og klart til å fyllast igjen.

Om litt over ei veke er Christer heime att frå sjø, og vi satsar på fint haustveir so vi kan få gjort mykje i huset den neste månaden. Når eg skriv "vi", so meinar eg vel stort sett Christer. Han har litt meir greie på ting enn meg, so eg kjem, eg ser, hjelp med det eg kan og so fær eg heim og teiknar kjøken:) Og til no har denne arbeidsfordelinga virka heilt flott. Eg er utruleg heldig som har ein mann som storkosar seg med dette, og som er storfornøgd berre han får litt middag og ei ettermiddagskvild på sofaen etterpå. Kjønnsrollefordelinga er ganske openbar...:)

 

Sagatun er eit raudt lite hus som står i ein liten sving. Der har det stått so lenge nokon kan hugse, og husa unge og eldre, nygifte og småbornsfamiliar, koselege gamle tanter og syskenborn av far min. Hagen har rosebuskar og rips, bringebær og syrin, og nedanfor ligg støa der vi hadde fast stoppestad når vi i borneåra omskapte den gamle trejolla til hurtigbåt og rodde så vatnet spruta.

Ingen veit heilt kor gamal den vesle stova er, men ryktene vil ha det til at når det nederlandske handelsskipet Akerendam måtte gje opp kampen mot bølgene og stormen utanfor Runde ei natt i mars 1725, so var det her sjøforklaringa vart halden. Då var huset endå mindre enn det er i dag, kun ei etasje som besto av kjøken, stove og kammers. Men her, under det lave taket og inn gjennom dei korte dørene likar eg å tru at dei kom til vårtinget 17. januar 1726; amtmannen Erik Must, fogden Nikolai Astrup, lensmann Ole Olsen Wiig, rederiets utsendingar og andre viktige menn. Dei sat i det som no er stova vår og diskuterte kva dei skulle gjere med restane etter skipet. Det er i alle fall varianten eg går for...

I dag er det sju månader sidan vi stod der med nøkkelen i handa og såg på huset i svingen som plutseleg var vårt. Dei aller fleste som kom på besøk og beskua herlegheita, syntes nok vi var båe naive og vel nasjonalromantiske - med eit flatemål på 45 kvadrat og ei takhøgde som gjorde at til og med mor mi på ein-meter-og-seksti fekk åndenaud. Far min var derimot ukueleg optimist der han bøygde hovudet mellom takbjelkane. Og sjølv om eg av og til ligg vaken om kvelden og funderer på korleis ein best mogleg skal få nytte plassen vi har fått, kvar vi skal få plass til alt vi vil og alt vi har, og korleis vi skal få plass til ungar og katt og badekar og og og... - så er det då også stort sett dei einaste bekymringane eg har. Eg bekymrar meg for eksempel ikkje for at vi for tida har eit hus som balanserar på små hjørner av grunnmuren, eller at vi manglar ein halv vegg. "So lenge det ikkje er ein yttervegg so" sa onkelen min, sikkert med det mål for auge å skulle berolige meg litt. Deretter lo han litt nervøst når eg sa at det var nett det det var.

Eg bekymrar meg rett og slett skremande lite. For eg trur og håpar at vi kjem til å få det veldig fint der, med tid og stunder. Difor har eg då laga bloggen om det lille huset vårt i svingen, sånn at både fjern og nær kan fylgje med i utviklinga - dersom dei skulle ynskje. Og so er det jo veldig kjekt for oss også, og kunne sjå tilbake på korleis det ein gong var, og minnest kor herleg naive og nasjonalromantiske og nyforelska vi var. Som so monge før oss...