TORSDAG 26. JANUAR 2012


GODT NYTT ÅR alle saman! Her skjer det sakar og ting, og sidan sist har vi komt enda eit steg nærare heilt hus, målstrek og drøymeheimen. No kan vel ikkje dette samanliknast med noko anna enn eit maratonløp, der vi ikkje har målet heilt i syne enda, men kvar meter tel - og vi er iallefall nærare enn nokon gong tidligare!



Med juleferien fekk vi nokre par hender ekstra på bruket, og lisjesystra mi tok friskt og freidig på seg oppgåva som rivningsarbeidar. Ho gjorde seg bruk av ein (for nokre) ukjend, men velfungerande teknikk som enklast kan samanfattast i tre punkt:
  1. Bruk utallige timar på krevande og keisamt studiearbeid
  2. Opparbeid store mengder frustrasjon og virketrong
  3. Få tilgong til brekkjarn og fire rom med gammalt panel
Og VOILA - på ein kveld var jobben gjort. At ho undervegs og i eit og same tak reiv ned både radio, arbeidslampe og la heile huset i stummande mørke vitnar berre om pågongsmotet.


No har vi fått opna opp ut til nybygget, og på biletet nede til høgre ser du døropninga der vi skal kunne gå inn frå tv- stove/ trappa og til gangen og roma oppe i andre etasje. Eg forundrast framleis over kor fort ting faktisk skjer når dei fyrst skjer, - på ein kveld var holet i taket på plass og alt stod klart til å føye den gamle delen saman med den nye.


Å rive kan meir enn ein gong vere ein rett so estetisk opplevelse. Ingalill står for det fyrste av desse to kunstverka - ein haug samansopa tresplintrar so tørre og fint oppstabla at sjølv Lars Monsen hadde trudd det var presisjonsbygging av leirbål. Det var iallefall freistande å setje fyr på heile sulamitten der og då.

Det andre verket har naturen sjølv forsynt oss med, og sjølv om eg strengt tatt burde fylge andre bloggarar sitt eksempel og gjere ei konkurranse ut av kva dette er, so har eg verken tolmod eller premie til den slags. Denne lille haugen av rosa, gult, grønt og blått, brunt, beige og lilla er, tru det eller ei; muselort. Kan du tenke deg overraskelsen den lisje musa må ha hatt når ho snur seg og ser på dagens toalettbesøk - servert i alle regnbogens fargar. Det er då du kanskje bør revurdere kosthaldet.


Endeleg kom dagen då taket skulle leggast, og med fem kjekke mannfolk; Steffen, svigerbror Per Hugo, pappa, svigerfar og Christer - gjekk dette også i ei forrykande fart! Det tok to dagar, og so var Sagatun tett! Og sjølv om det framleis ser ganske rustikt ut i andre etasje, var det ei fryd å sjå konturane av korleis dei nye roma verkeleg vert når det ein gong står ferdig.


Sagatun er med eitt dobbelt so stort!


Tilslutt litt frå det "andre" livet vårt, der verda av og til dreier seg om noko anna enn husbygging. Vi tok turen oppatt i Einedalen og fann treet som vi plukka ut i november, og i stummande mørke drog vi det med oss heimatt. Jula feira vi litt her og litt der, inne i Torvika og på Nærøya. Med romjulsorkan og straumen vekke i perioder, vart det mykje innekos og levande lys - og mykje opprydding når "halve" skogen på Nærøya gav etter for stormkasta. Ei jul litt utanom det vanlege, med andre ord. 

No gler vi oss til vår, lengre dagar og meir jobbing på huset!
Lat det livne i lundar..!