TORSDAG 2. AUGUST 2012
We're aliiiive!
Det har vore ufatteleg dårleg oppdatering her inne dei siste 7 (!) månadane, men heldigvis betyr ikkje det at det har vore stillstand på det vesle huset i svingen. Sagatun har fått nye veggar i heile underetasjen, nye rør har kome i jorda, vi har leika oss med gravemaskin, fått ned ny septiktank, drenert enda meir rundt huset, bygd glasstove og no til sist: fått inn dei fantastiske vindauga frå Frekhaug. Og når eg seier VI, så meiner eg Christer. Christer har stått på som ein lyktetennar, og med fantastisk hjelp frå kjære svigerfar, har vi byrja å verkeleg sjå konturane av heimen vår.
Eg har dei siste dagane vore opptatt med å finne maling til kledninga som er rett rundt hjørnet, og det er ikkje berre berre. Vi har gått ifrå å ville bevare huset raudt, til å sveipe innom kvitt - og no endar vi mest truleg opp med ein varm gråtone med kvite lister og gråblå ytterdør.
Eg har aldri vore særleg glad i blå, men ein dag i februar traska eg rundt på Bjorli, og fann denne på eit spikertelt på campingplassen. Etter det har eg vore heilt opphengt i blågrå dører, og googlar med jamne mellomrom verdsveven i håp om å kome over nokon som har mala døra si i det siste, og i tillegg vore so begeistra over eige verk at dei legg ut fargekode og heile sulamitten. Denne er ein smule for blå, men eg trår fortrødent vidare i jakta på den perfekte gråblå tonen.
Elles har det vore ein flott sommar, vi har gifta vekk yngstesyster Nærø, hatt besøk av gode vener, bursdagsfeiring og eg har vore på tur til Trondheim med den gode, gamle jentegjengen frå folkehøgskule. Og oppi alt dette har vi komt eit gedigent stort steg nærare ferdig hus her på vakre Nærøya. Vi kjenner oss så heldige, og gler oss VILT til å snart kunne byrje innandørs. Eg siklar på fargar og lister og kjøken og golv og tapet allereie.