Viser innlegg med etiketten bilete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bilete. Vis alle innlegg
ONSDAG 16. NOVEMBER 2011



I går tidleg måtte vi opp i otta for å sende sjømannen tilbake på jobb. Eg vert nok aldri heilt vand med denne dagen der vi må stå opp klokka halv fem og det verkar som om heile resten av verda fortsatt søv. Stemninga er aldri heilt på topp medan vi lagar litt frukost og ventar på drosjen som kjem like overraskande kvar gong. Det er liksom berre noko heilt bakvend med å sende mannen din avgarde på den tida av døgeret, for so å skulle gå og legge seg att  i ei tom seng.

Men, vi har ein utruleg flott månad bak oss, der vi har fått gjort mykje på huset! Vi har hatt sol og fantastisk temperatur, og Christer har vore på tomta so godt som kvar dag. Eg har stort sett følt meg som ein mann no i fleire veker, og vorte bestis med sementblandaren. Vi to har blanda so monge ladningar med sement at vi ikkje har tal på det, og på ekstra seige morgonar er det eigentleg greitt å stå der i fred og sjå på trommelen som går rundt og rundt og rundt. Det minnar jo nesten litt om baking, og passar meg soleis heilt perfekt! 


Christer er ein skikkeleg handyman. Av og til vert eg heilt forundra over kor lett han tek ting, og medan eg står og lurer på om eg gjer ting rett eller godt nok, so susar han i veg og er ferdig på ein-to-tre. Ofte vert eg ståande og pirke på eit eller anna, og han må til stadigheit minne meg om at det er trass alt grovarbeid vi driv med, og at pirkinga godt kan kome på eit seinare tidspunkt. Eg kan stå der med mørtelspaden min og legge opp sement i fine, rette, perfekte rader, og so kjem han med ei lecablokk og klaskar alt utover like fullt.


Det var veldig spesielt den morgonen takstolane kom. Plutseleg var dei på plass, og vi kunne for fyrste gong sjå konturane av korleis Sagatun kjem til å sjå ut. Planane våre som til då kun hadde eksistert på papiret, vart handfaste og til å ta og føle på, og perspektivet vart heilt forandra. Det er so kjekt å sjå at det vi har planlagt og prata om og diskutert opp og ned i mente, faktisk fungerer i praksis! Og so synes eg det var ekstra koseleg at det sto "Marianne og Christer" på... Ikkje noko etternamn, berre namna våre - heilt kvardagsleg og koseleg - likesom det var noko vi bestilte til stadigheit.


Vi har bytta ut det som i utgongspunktet skulle vere eit mørkeloft, med ei loftstove. Ei loftstove med det ein meglar mest truleg vil kalle "havgløtt" (bilete oppe i midten). Sist laurdag kom svigerfar og svigerbror og fordelte takstolane utover og no kan ein balansere rundt der oppe, og få feelingen av takhøgda og størelsen på romet. På biletet oppe til høgre kan du sjå det som skal verte den nye "kvardagsinngongen", der vaskeromet skal ligge i bakkant. Elles skal tilygget innehalde eit nytt bad, gang med trapp opp og eit soverom.

 
Søndag har den siste månaden vore ein kjærkomen dag. Iallefall for meg. Christer har det med å verte litt utolmodig, og vil vel eigentleg helst vere på tomta. Denne søndagen feira vi fyrst farsdag med god frukost og litt pakkenellikar, før vi kledde på oss, henta nevøen og niesa mi og tok turen oppi ein dal far min eig, for å finne og merke av årets juletre. Det var deilig å kome seg ut og gjere noko heilt anna enn å tenke hus. Men sjølv om vi ikkje har noko perspektiv på kor lenge det kan ta før vi flyttar inn i Sagatun, så låg det likevel ein tanke bak i hovudet på meg der eg gjekk. "Kanskje går vi her neste år og ser etter treet som skal stå i glasstova. Kanskje, kanskje, kanskje..."
 
Vi har det godt!
SØNDAG 16. OKTOBER 2011

Det har vorte haust på Nærøya, og Sagatun har ikkje hatt monge dagane med sol på kroppen dei siste vekene.
Men når sola dukka opp i forrige veke, måtte eg inn og forevige litt meir av det som har skjedd sidan dei siste bileta vart tekne. Dei av dokke som er ekstra årvakne, vil sjå at det manglar eit digert grantre som stod bak huset. Grana tok alt av kveldssola, og berre sjå: no er den tilbake!
Når eg var yngre reagerte eg alltid litt når eg høyrde om dei som busette seg kloss oppi foreldra sine. Det skulle eg aldri gjere! Men her er vi altså, eit steinkast (heilt bokstaveleg) frå mamma og pappa - og vi gler oss som berre det!

Velkomen inn! Her er mitt framtidige kjøken...
Det manglar litt golv, grunnmur og ein vegg berre.

Alt det gamle golvet er borte vekk, og erstatta med lass på lass av stein og grus.
Neste skritt på vegen er å legge flytande golv, og fyrst må vi støype ny grunnflate.
Målet er nokre centimeter meir takhøgde!

Trappa heng om dagen etter festa i veggen, og litt ekstrahjelp frå nokre fjøler.
Den vurderer vi å etterkvart flytte ut i tilbygget, men det spørs om vi kan gjere nytte av den,
sidan ho vert for lav i forhold til den nye takhøgda...
Fin er ho iallefall, sjølv om ho har fått gjennomgå i det siste.

Gjennomtrekk?
Stova manglar grunnmur, og heng meir eller mindre i lause lufta. Her skal båe vindu og verandadør vekk etterkvart,
og ei ny dør skal settast inn i hjørnet til høgre. Den skal føre ut i gangen i tilbygget.

Andre enden av stova, med utsikt ut mot vegen. Her skal vi ha spisestua,- og julestjerna i glaset når den tida kjem.
Hurra kor koseleg det skal verte! :)
Stovevinduet med utsikt ned mot sjøen.
Det må vike plassen etterkvart, og ei glasstove skal kome her i staden.

Eit bilete frå soverommet vårt i 2.etasje. Eg gler meg som ein unge til å vakne opp til sjøen utanfor glaset kvar dag,
og ikkje minst til å kunne gå ut på altanen som kjem til å kome på taket av den nye glasstova.


Slik ser det altså ut på baksida av Sagatun.
Her har vi fjerna buskar og tre, og mykje, mykje stein.
Det er rart med det - alt eg so gjerne ville behalde, måtte vike for nye planar, større hus og betre romløysingar.
Eg håpar berre vi klarar å få noko av sjarmen tilbake, for akkurat no har vi vel strengt tatt vandalisert heile uteområdet vårt... 


Når Christer kjem att satsar vi på fineveir og støyping.
Målet er å få opp tilbygget, støype golvet, setje inn ny pipe, rette opp taket, få opp nye veggar, setje inn nye dører, nye vindu, isolere, legge veggplater, legge golv, male og få opp tapet, setje inn kjøkeninnreiing, få på plass peis, koble straumen, koble vatn, møblere, vaske litt og flytte inn.

For eg er tross alt gift med ein supermann som har ti timar meir i døgnet enn alle oss andre, og som set opp ein ny vegg berre ved å tenke tanken. Dessutan får vi låne alle dyra og fuglane frå Askepott som kjem og gjev oss hjelp.
Vi har faktisk so god tida at vi satsar på å få opp garasje og ny sjøbud også. 

Det er jo lov å drøyme:)


I all iveren over å endeleg kunne åpne døra til det lisje huset den fyrste gongen etter at det var vårt, gløymde vi alt som heitte fotografering av korleis det faktisk var der inne. Det er ei viss fare for at vi om nokre år ikkje kjem til å hugse korleis kjøkenet vårt såg ut før vi byrja makeoveren, men vi var heldigvis sopass oppegåande at vi fekk opp kameraet og tatt nokre av stova før alt vart røska ut. 

Kjøkenet etter at veggar og kjøkeninnreiing var tatt ned. Her fann vi og tre lag med golv - noko vi eigentleg syntes var litt unødig, sidan det allereie er ganske lågt under taket.

Kjøkenvindauget vårt. Her skal vi ete frukost og lunsj og middag og kveldsmat i uoverskueleg framtid.

Etter å ha strippa lag på lag med golv, fann vi tilslutt det opprinnelege tregolvet, med trepluggar og det heile!

Og når tregolvet forsvann var det ganske interessant det som kom fram. Her låg det trestammer som sovidt hadde vorte høvla litt, før dei ha vorte lagt oppå ein passande kampestein her og der. Vidare feste av golvbjelkane var det heller ikkje så viktig med. Men har det fungert? Absolutt.

Kjøkenet med jordgolv.

Stova før Christer fekk gå i gong med kubeinet.
Og so var vi i gong!

Utsikt frå stoveglaset, ut i vår hage.

Stova etter eit par kveldsykter.

Og so kom denne vesle kompisen fram i lyset... Den var so stor at vi høyrde lyden når han datt ned og traff bakken. Nice.

Christer i kjellaren. Takhøgda er ... litt for lita.

Alt er reinska ut, og klart til å fyllast igjen.

Om litt over ei veke er Christer heime att frå sjø, og vi satsar på fint haustveir so vi kan få gjort mykje i huset den neste månaden. Når eg skriv "vi", so meinar eg vel stort sett Christer. Han har litt meir greie på ting enn meg, so eg kjem, eg ser, hjelp med det eg kan og so fær eg heim og teiknar kjøken:) Og til no har denne arbeidsfordelinga virka heilt flott. Eg er utruleg heldig som har ein mann som storkosar seg med dette, og som er storfornøgd berre han får litt middag og ei ettermiddagskvild på sofaen etterpå. Kjønnsrollefordelinga er ganske openbar...:)