Sagatun er eit raudt lite hus som står i ein liten sving. Der har det stått so lenge nokon kan hugse, og husa unge og eldre, nygifte og småbornsfamiliar, koselege gamle tanter og syskenborn av far min. Hagen har rosebuskar og rips, bringebær og syrin, og nedanfor ligg støa der vi hadde fast stoppestad når vi i borneåra omskapte den gamle trejolla til hurtigbåt og rodde så vatnet spruta.

Ingen veit heilt kor gamal den vesle stova er, men ryktene vil ha det til at når det nederlandske handelsskipet Akerendam måtte gje opp kampen mot bølgene og stormen utanfor Runde ei natt i mars 1725, so var det her sjøforklaringa vart halden. Då var huset endå mindre enn det er i dag, kun ei etasje som besto av kjøken, stove og kammers. Men her, under det lave taket og inn gjennom dei korte dørene likar eg å tru at dei kom til vårtinget 17. januar 1726; amtmannen Erik Must, fogden Nikolai Astrup, lensmann Ole Olsen Wiig, rederiets utsendingar og andre viktige menn. Dei sat i det som no er stova vår og diskuterte kva dei skulle gjere med restane etter skipet. Det er i alle fall varianten eg går for...

I dag er det sju månader sidan vi stod der med nøkkelen i handa og såg på huset i svingen som plutseleg var vårt. Dei aller fleste som kom på besøk og beskua herlegheita, syntes nok vi var båe naive og vel nasjonalromantiske - med eit flatemål på 45 kvadrat og ei takhøgde som gjorde at til og med mor mi på ein-meter-og-seksti fekk åndenaud. Far min var derimot ukueleg optimist der han bøygde hovudet mellom takbjelkane. Og sjølv om eg av og til ligg vaken om kvelden og funderer på korleis ein best mogleg skal få nytte plassen vi har fått, kvar vi skal få plass til alt vi vil og alt vi har, og korleis vi skal få plass til ungar og katt og badekar og og og... - så er det då også stort sett dei einaste bekymringane eg har. Eg bekymrar meg for eksempel ikkje for at vi for tida har eit hus som balanserar på små hjørner av grunnmuren, eller at vi manglar ein halv vegg. "So lenge det ikkje er ein yttervegg so" sa onkelen min, sikkert med det mål for auge å skulle berolige meg litt. Deretter lo han litt nervøst når eg sa at det var nett det det var.

Eg bekymrar meg rett og slett skremande lite. For eg trur og håpar at vi kjem til å få det veldig fint der, med tid og stunder. Difor har eg då laga bloggen om det lille huset vårt i svingen, sånn at både fjern og nær kan fylgje med i utviklinga - dersom dei skulle ynskje. Og so er det jo veldig kjekt for oss også, og kunne sjå tilbake på korleis det ein gong var, og minnest kor herleg naive og nasjonalromantiske og nyforelska vi var. Som so monge før oss...

3 kommentarer:

  1. Ååååå... Marianne, i vart gla langt inn i sjela når i såg at du He starta blogg! Som i gler me til å følgje me huset dåkkå! Fekk lyst å slenge rekkehuset vårt ut på billigsalg, og dra med mann og barn på den nasjonalromantiske drømmen din - asap!! Lykke til, fine du! Klem

    SvarSlett
  2. Aaaah.. Ej gleda mej sann til å rusle bort til det raude huset i svingen å få mej en kaffikopp (1/4 kaffi, 3/4 melk), skravle å tyte om alt mylla himmel og jord, meda vinde skrike om husveggane.. Aaah, Marianne mi - Det skal bli reint koselig!

    SvarSlett
  3. Her har du reinspikka lykke.blogspot.com ja! JUHU! Gleder meg!

    SvarSlett