ONSDAG 16. NOVEMBER 2011



I går tidleg måtte vi opp i otta for å sende sjømannen tilbake på jobb. Eg vert nok aldri heilt vand med denne dagen der vi må stå opp klokka halv fem og det verkar som om heile resten av verda fortsatt søv. Stemninga er aldri heilt på topp medan vi lagar litt frukost og ventar på drosjen som kjem like overraskande kvar gong. Det er liksom berre noko heilt bakvend med å sende mannen din avgarde på den tida av døgeret, for so å skulle gå og legge seg att  i ei tom seng.

Men, vi har ein utruleg flott månad bak oss, der vi har fått gjort mykje på huset! Vi har hatt sol og fantastisk temperatur, og Christer har vore på tomta so godt som kvar dag. Eg har stort sett følt meg som ein mann no i fleire veker, og vorte bestis med sementblandaren. Vi to har blanda so monge ladningar med sement at vi ikkje har tal på det, og på ekstra seige morgonar er det eigentleg greitt å stå der i fred og sjå på trommelen som går rundt og rundt og rundt. Det minnar jo nesten litt om baking, og passar meg soleis heilt perfekt! 


Christer er ein skikkeleg handyman. Av og til vert eg heilt forundra over kor lett han tek ting, og medan eg står og lurer på om eg gjer ting rett eller godt nok, so susar han i veg og er ferdig på ein-to-tre. Ofte vert eg ståande og pirke på eit eller anna, og han må til stadigheit minne meg om at det er trass alt grovarbeid vi driv med, og at pirkinga godt kan kome på eit seinare tidspunkt. Eg kan stå der med mørtelspaden min og legge opp sement i fine, rette, perfekte rader, og so kjem han med ei lecablokk og klaskar alt utover like fullt.


Det var veldig spesielt den morgonen takstolane kom. Plutseleg var dei på plass, og vi kunne for fyrste gong sjå konturane av korleis Sagatun kjem til å sjå ut. Planane våre som til då kun hadde eksistert på papiret, vart handfaste og til å ta og føle på, og perspektivet vart heilt forandra. Det er so kjekt å sjå at det vi har planlagt og prata om og diskutert opp og ned i mente, faktisk fungerer i praksis! Og so synes eg det var ekstra koseleg at det sto "Marianne og Christer" på... Ikkje noko etternamn, berre namna våre - heilt kvardagsleg og koseleg - likesom det var noko vi bestilte til stadigheit.


Vi har bytta ut det som i utgongspunktet skulle vere eit mørkeloft, med ei loftstove. Ei loftstove med det ein meglar mest truleg vil kalle "havgløtt" (bilete oppe i midten). Sist laurdag kom svigerfar og svigerbror og fordelte takstolane utover og no kan ein balansere rundt der oppe, og få feelingen av takhøgda og størelsen på romet. På biletet oppe til høgre kan du sjå det som skal verte den nye "kvardagsinngongen", der vaskeromet skal ligge i bakkant. Elles skal tilygget innehalde eit nytt bad, gang med trapp opp og eit soverom.

 
Søndag har den siste månaden vore ein kjærkomen dag. Iallefall for meg. Christer har det med å verte litt utolmodig, og vil vel eigentleg helst vere på tomta. Denne søndagen feira vi fyrst farsdag med god frukost og litt pakkenellikar, før vi kledde på oss, henta nevøen og niesa mi og tok turen oppi ein dal far min eig, for å finne og merke av årets juletre. Det var deilig å kome seg ut og gjere noko heilt anna enn å tenke hus. Men sjølv om vi ikkje har noko perspektiv på kor lenge det kan ta før vi flyttar inn i Sagatun, så låg det likevel ein tanke bak i hovudet på meg der eg gjekk. "Kanskje går vi her neste år og ser etter treet som skal stå i glasstova. Kanskje, kanskje, kanskje..."
 
Vi har det godt!

2 kommentarer:

  1. Flinke dere er altså!! Det blir så braa :)

    SvarSlett
  2. OJ! Så langt dokk har komme da! Må sei dokk har stått på:) Ser det bli lekkert! Og ser at dokk har det godt:) Stor klem<3

    SvarSlett