SØNDAG 16. OKTOBER 2011

Det har vorte haust på Nærøya, og Sagatun har ikkje hatt monge dagane med sol på kroppen dei siste vekene.
Men når sola dukka opp i forrige veke, måtte eg inn og forevige litt meir av det som har skjedd sidan dei siste bileta vart tekne. Dei av dokke som er ekstra årvakne, vil sjå at det manglar eit digert grantre som stod bak huset. Grana tok alt av kveldssola, og berre sjå: no er den tilbake!
Når eg var yngre reagerte eg alltid litt når eg høyrde om dei som busette seg kloss oppi foreldra sine. Det skulle eg aldri gjere! Men her er vi altså, eit steinkast (heilt bokstaveleg) frå mamma og pappa - og vi gler oss som berre det!

Velkomen inn! Her er mitt framtidige kjøken...
Det manglar litt golv, grunnmur og ein vegg berre.

Alt det gamle golvet er borte vekk, og erstatta med lass på lass av stein og grus.
Neste skritt på vegen er å legge flytande golv, og fyrst må vi støype ny grunnflate.
Målet er nokre centimeter meir takhøgde!

Trappa heng om dagen etter festa i veggen, og litt ekstrahjelp frå nokre fjøler.
Den vurderer vi å etterkvart flytte ut i tilbygget, men det spørs om vi kan gjere nytte av den,
sidan ho vert for lav i forhold til den nye takhøgda...
Fin er ho iallefall, sjølv om ho har fått gjennomgå i det siste.

Gjennomtrekk?
Stova manglar grunnmur, og heng meir eller mindre i lause lufta. Her skal båe vindu og verandadør vekk etterkvart,
og ei ny dør skal settast inn i hjørnet til høgre. Den skal føre ut i gangen i tilbygget.

Andre enden av stova, med utsikt ut mot vegen. Her skal vi ha spisestua,- og julestjerna i glaset når den tida kjem.
Hurra kor koseleg det skal verte! :)
Stovevinduet med utsikt ned mot sjøen.
Det må vike plassen etterkvart, og ei glasstove skal kome her i staden.

Eit bilete frå soverommet vårt i 2.etasje. Eg gler meg som ein unge til å vakne opp til sjøen utanfor glaset kvar dag,
og ikkje minst til å kunne gå ut på altanen som kjem til å kome på taket av den nye glasstova.


Slik ser det altså ut på baksida av Sagatun.
Her har vi fjerna buskar og tre, og mykje, mykje stein.
Det er rart med det - alt eg so gjerne ville behalde, måtte vike for nye planar, større hus og betre romløysingar.
Eg håpar berre vi klarar å få noko av sjarmen tilbake, for akkurat no har vi vel strengt tatt vandalisert heile uteområdet vårt... 


Når Christer kjem att satsar vi på fineveir og støyping.
Målet er å få opp tilbygget, støype golvet, setje inn ny pipe, rette opp taket, få opp nye veggar, setje inn nye dører, nye vindu, isolere, legge veggplater, legge golv, male og få opp tapet, setje inn kjøkeninnreiing, få på plass peis, koble straumen, koble vatn, møblere, vaske litt og flytte inn.

For eg er tross alt gift med ein supermann som har ti timar meir i døgnet enn alle oss andre, og som set opp ein ny vegg berre ved å tenke tanken. Dessutan får vi låne alle dyra og fuglane frå Askepott som kjem og gjev oss hjelp.
Vi har faktisk so god tida at vi satsar på å få opp garasje og ny sjøbud også. 

Det er jo lov å drøyme:)

6 kommentarer:

  1. Fikk en flashback når eg såg bilda av drømmehuset dokka.Masse artige minner fra då vi gjorde det samme og kor kjekt det var.Men også blodslitet med alt mulig som måtte gjerast.Gler meg til å sjå resutatet og er helt sikker på at ditta blir ein fantastisk heim for alle du tek i hus.-og treng du meir inspirasjon er det berre å komme innom ein tur.
    Annette R.

    SvarSlett
  2. Så godt å høyre at det e fleire som har planlagt kor julestjerna skal henge lenge før vegger/dører/tak/pipe etc. er på plass...;)-T-

    SvarSlett
  3. Du har laga ei kjempeflott heimeside, med mange fine bilete og velskrivne ord! :) Syns huset e fint som det e no ej, og omgivelsane e nydelige. Kan ikkje bli anna enn bra då? :) Gler meg til Christer kjem heim, håper han får sleppe unda i ny og ne!

    SvarSlett
  4. Kor kjekke dokke e:) Ja, Annette - du skal ikkje sjå vekk i frå at ej teke mej en tur;) Og Torill - you know it girl! Ej tenke jul heile tida ej når vi drive på der! Ej sat oppå mørkeloftet en dag i sommar og tenkte "Her skal ej faktisk ha julepyntej min! KOR KOSELIIII!!"

    Og velsigne dej, Kristoffer - ta me dej na Christer i ny og ne e du snill;) Då verte han so fornøgde og glade... Og takk førr ros:) Du e no bra snilde:)

    SvarSlett
  5. Åååå... Hjelpe me kor flink dåkkå e!! I som syns at me he vore litt flittige i rekkehuset vårt, men når i ser d her så kan me berre gå å legge oss! :)

    Du e so flink, Marianne!! Sikla omtrent kvar gong i ser at du he nytt innlegg på bloggen.

    Og soooom i gler me til å komme på besøk! Når du snakka om jul så fekk i lyst å ha juleverkstad heime hos dåkkå, Marianne!! ;) Det hadde vore kos! Kanskje ny tradisjon?? Kan jo eventuelt starte her i år, sida d kanskje ser ut som d kan bli litt kaldt i gjennomtrekken dåkkå i vinter :)

    Gooo`klem

    PS! Juleverkstad va et seriøst forslag... Me he jo prøvd oss på pepparkakebaking før ;)

    SvarSlett
  6. ååh..dette blir bare så bra! spess den glassverandaen, med balkong oppå...aaah, noe så idyllisk!!

    SvarSlett